Bodhild har vore medlem i Bondelaget i mange år, og har vore tillitsvald i Bergen Bondelag og i Vestland Bondelag. Ho var 1. vara til styret i Norges Bondelag i fleire år, før ho rykka opp til 2. nestleiar.

Bodhild og mannen Arne driv gard på Fjelltveit i Bergen, og dei har god hjelp av barna og den eldre generasjonen på garden. Dei har kort veg til fjellbeite for sauen, og i videoen under kan du sjå meir av garden og beitet. Videoen vart spelt inn i 2020.

 

Fjøset og kontoret til Bodhild og Arne

 

Bodhild er opptatt av berekraft, og her kan du sjå kva ho lærte av å få klimarådgjeving på garden. Intevjuar er Lene Vangberg Monsen, klimakoordinator i Klima Vest.