PLASS TIL FLEIRE PÅ LAGET: Knut Tore Nes Hjelle fortel at Bondelaget høver for alle. Sjølv sit han som styremedlem i Vestland Bondelag. I tillegg er han leiar i verveutvalet.

 

- Bondelaget er ein fantastisk organisasjon å vere medlem i. Bondelaget tek ansvar for bonden, og jobbar for at bonden skal få best mogeleg villkår. 

Hjelle fortel at han får mykje att for å vere medlem. 

- Ein får både fagaktivitetar og sosiale aktivitetar gjennom Bondelaget. Det å vere bonde er eit einsamt yrke, difor er det viktig å delta på møteplassar i regi av Bondelaget. 

Hjelle fortel at det er viktig å bygge seg eit nettverk, og at ein får sjansen til å treffe mange kollegaer i regi av Bondelaget sine arrangement. 

- Det å vere einsm over tid kan vere groboten for mykje vondt. Difor er det heilt avgjerande å kome seg ut, og møte andre. 

 

Som medlem i Bondelaget får du: 

- Bidra til politisk påverknad

- Støtte norsk matproduksjon

- Bli ein del av fellesskapet

- Gode medlemsfordelar 

 

Bli med du også

Dersom du ynskjer å bli medlem kan du kontakte oss på telefon 57837080 eller klikke deg inn her: https://www.bondelaget.no/bli-medlem/