Lær å mjølke, RevuraOpen Gard er poplært, og mange sette av tid til eit gardsbesøk hos Revura samdrift laurdag. Heile 630 besøkjande fekk sjå ulike dyreslag, vere med på konkurranser, hoppe i høyet og leike i sandkassa. Dei fekk også sjå separering av mjølk og kinning av smør.

Eit vellukka Open Gard arrangement krev mykje arbeid, og det er vanleg at 4H og Bygdekvinnelaget hjelper til. I tillegg til Omvikdalen Bondelag var både Omvikdalen Bygdekvinnelag og Lauvsprett 4H med som arrangørar.

Kvinnheringen tok turen innom, og du kan lese meir her: Fjøskos i Revura

 

Langegården i Bergen var det minst 1500 besøkjande som ville sjå på dyra, ri og delta på andre aktivitetar. Bergen Bondelag hadde stand og informerte om bynært landbruk.

Open Gard er svært populært i Bergen, og det er ikkje så mange gardsbruk som kan ta i mot ein så stor folkemengd. Heldigvis er det plass på Langegården, som også tek i mot skuleklasser og barnehager til vanleg.

Mange dyr i fjøset i Revura

Dei besøkjande i Revura kunne sjå fleire ulike dyreslag

Moro i sandkassa

Hopp i høyet!

Liten bonde i høyet i Revura

Ponniriding på Langegården.

Fullt med folk når Langegården arrangerar Open Gard

Sal av gylne hestesko på Langegården i Bergen

Foto: Rannveig Hjelmeland og Langegården