Jostedalen Bondelag hadde tradisjonen tru årsmøtet sitt på Jostedal Hotell første måndagen i desember.  Då vert det ikkje spart på kaloriane og det vankar både julemiddag og riskrem, skriv Ole Bjarne Hovland som representerte fylkesstyret i møtet. 

Leiar i lokallaget John Geir Sperle ynskte velkomen og gjekk gjennom årsmeldinga som var kort og greitt framstilt skriftleg til møtet:

Leiar John Geir Sperle orienterer

Engasjerte medlemer gav uttrykk for frustrasjon kring utviklinga

I den opne runda kom medlemene i laget inn på følgjande tema:

  • Galloperande kostnadar på straum, diesel og kunstgjødsel. 
  • Båsfjøs problematikken, fleire fjøs som ikkje ser noko framtid når dei må auka tal kyr til eit antall dei ikkje har forgrunnlag til og ikkje har kvote til.
  • Bonden vert for lite verdsatt i landskapsvern området, lite å hente økonomisk for bonden, mens statlege arbeidsfolk har full løn. Storfe på beite er nær likestilt med beitetilskot som sau, storfeet beitar stølsvollen, mens sauen er i høgfjellet.
  • Sauehaldarane maktar ikkje ein slik sesong til med rovdyrtap som 2021, me er no tilbake til begynnelsen av 2000 talet når det gjeld tap i Luster, då slutta mange. Om de ikkje vert uttak av jerven som har herja med sauene på austsida av Jostedalen no i vinter vert det siste sesongen for fleire. Video som vart vist av ei søye som var hardt skada, tilgrisa i blod, ståande skjelvande ute i ei steinur med vatn rund seg viste berre ein av mange 100 dyretragediar i beiteprioritert område.  Noko må gjerast med ynglingane sør for Ottadalen, dette er molbo politikk meinte medlemene.

Andre tema var leigejordsproblematikk, hjorteforvaltning og næringsutvikling

Da stod ikkje på engasjementet og på alvoret oppsummerer Ole Bjarne Hovland, som kjende seg godt att i mange av utfordringane som medlemene tok opp.

Tidlegare leiar; Kristen Alsmo, t.h., fekk merksemd for lang og tru teneste i laget