Stord Bondelag hadde årsmøte i det koslege eldhuset til Sigvor og Håkon Østerhus.

Lise Austrheim frå Landbruksrådgivinga og Sverre Vanvik frå FKRA held gode innlegg om korleis bøndene kan møta utfordringane etter den våte sommaren 2017.

Stord Bondelag har mellom anna vore med på aksjonen mot jordbruksmeldinga og "Opptog for norsk landbruk" i Oslo i samband med brot i jordbruksforhandlingane. Dei har vore på møte med landbrukskontoret og møte om jordbruksplanen i kommunen. Dei har også vore på kurs i arealforvaltning.

Alle som var på val tok gjenvalg så det vart ingen endringar i styret:

Leiar: Torunn Eikeland
Nestleiar: Jarle Stangeland
Skrivar: Jomar Grov
Kasserar: Ole Gjermund Digernes
Styremedlem: Stig Kjoberg Almås
1. vara: Margareth Ottesen Mjønes
 

Frå bålaksjonen i samband med jordbruksmeldinga.