Årsmøte i Gloppen Bondelag
Måndag 20.oktober hadde Gloppen Bondelag årsmøte, her er eit kort referat.
8 personar stilte på årsmøte til Gloppen Bondelag.
Dei vanlege årsmøtesakene vart raskt handsama.
Rekneskapen synte overskot.
I årsmeldinga fekk festivalen Matamål mykje merksemd. Der rigga og rydda Bondelaget telt. I tillegg stilte dei med dyr og halm.
Vidare hadde Marit Flatjord, nestleiar i fylkesstyret ei innleiing.
Etter det, vart beitekravet diskutert. Fleire uttrykte at det er vanskeleg å innfri.
På møte blei det understreka eit moralsk ansvar for å behalde kornproduksjonen i dei områda som er eigna for det.
Elles vart Einar Duvold attvald som leiar. Kristian Gjengedal og Ole Jens Grov er nye i styret.