Det var ein stolt duo som mottok den gjeve prisen årets lokallag i Vestland Bondelag for 2022. Gåva var ein sjekk på 10 000 kroner. Marianne Nordhus (nestleiar i Vestland Bondelag) deler ut prisen til Arne Frode Øvreseth og Ragna Førde frå Breim Bondelag.

 

Juryen grunngjev tildelinga av Årets lokallag i Vestland slik:

Årets lokallag i Vestland Bondelag har hatt god aktivitet gjennom året.

Laget har levert innspel til Grytten-rapporten og jordbruksforhandlingane. Laget har delteke på fleire møter gjennom 2022, mellom anna beredskapsmøte med brannvesenet. Saman med andre lokallag i kommunen har dei også sendt høyringssvar til ny arealplan.

Laget støtta godt opp under landsleiren til 4H, der Sogn og Fjordane 4H var vertsskap. Lokallaget sto på stand, der dei mellom anna arrangerte ulike konkurransar.

Dei har har også gjennomført ryddeaksjon langs vegen, i samarbeid med ei lokal fotballgruppe.

Open Gard vart arrangert i september, saman med fleire andre aktørar. Dette var ein kjekk dag, sjølv om været ikkje spelte heilt på lag.

Bondelaga Breim, Hyen, Gloppen, Stardalen og Jølster samla i fjor inn 100 000 kr til Røde kors sitt Ukraina-arbeid. 18. mars var over 60 traktorar samla på Fløtre i Gloppen kommune. Der sto dei fint oppstilt i fredsteiknet. Under markeringa var det fakkeltog, appell frå Anders Felde og ordføraren i Gloppen.

Laget dikta også song, og lagde ein fantastisk verve-video.

Dei synleggjer Bondelaget på ein strålande måte, som det står det stor respekt av!

Prisen som året lokallag i Vestland Bondelag – går til Breim Bondelag.

Gratulerer!