Anna Sylvia Haukås var den første sekretæren i Hordaland Bondelag, og den som har vore med lengst. Ho vart tilsatt i 1946 og var med oss i 33 år!

Bondelaget var særs viktig for ho Anno, og ho møtte trufast opp på leiarmøte og årsmøte i mange år. Nittiårsdagen ville ho feire med kollegaene sine i Hordaland Bondelag, til gledje for oss på Bondelags-kontoret. Ho kom til Landbrukstunet med snitter og kaker, og vi kjende oss heldige som fekk vere med på feiringa. Vi i Bondelaget vil savne Anno!

Gravferd frå Øvsttun kapell fredag 1. november klokka 12.

Frå 90 års feiringa på Landbrukstunet i 2010