Årdal Bondelag held fram som eige lokallag
- Da er kjekt å ha årsmøte samstundes som Lærdal Bondelag, slik at vi kan ha felles fagdel, men vi held fram som eige lag også i 2019 seier Ole Bjarne Hovland som er leiar i Årdal Bondelag.
Årdal Bondelag er eitt av dei minste lokallaga i Sogn og Fjordane. - Vi er ikkje så mange medlemer, men så lenge vi klarar å gjennomføre litt aktivitet gjennom året er vi samde om å halde fram som eige lag. - Vi har gjennomført både studiering før jordbruksforhandlingane og skulebesøk for 8. klassingane i Årdal, seier Hovland. Dette ynskjer vi å halde fram med også i 2019. Å ha kontakt med skulane og formidle kunnskap til ungdomen i industrikommunen Årdal kjenner vi på som viktig og morosamt, seier ein engasjert Hovland.
Leiar Ole Bjarne Hovland t.v. og styremedlem Per Bjørkum til høgre.