Anders frå Hordaland nominert som Årets unge bonde
Anders og kona driv med mjølkeproduksjon og Inn på tunet på Sæleset gard i Norheimsund.
På nettsida til konkurransen Årets unge bonde, kan vi lese at Anders er ein initiativrik ung bonde på 32 år. Anders og kona er gjestfrie folk som gjerne tar med besøkande rundt på garden.
Det er tydeleg at Anders likar jobben som bonde. Han har lidenskap for bondeyrket, kjærleik og omtanke for dyr og natur, og ein smittande personlegdom som kan insiprere ungdomar til å følgje same yrkesval.