Rolf Olav Gjørven frå fylkesstyret og Dag Hjelle frå Folven gard står bak ein imponerande satsing på biogass og algeproduksjon. Rolf Olav er mjølkebonde, og både han og nabo Dag har tenkt mykje på korleis dei kan nytte dei lokale ressursane for å sikre framtida. Dei har tilgang til vatn frå elva og eige kraftverk som dei eig saman med fleire andre grunneigarar. Rolf Olav og Dag har etablert selskapet Folvengaard As og satsar på produksjon av mikroalgar til mat og fôr. Det har vore eit pilotprosjekt, men no er dei klare for industriell produksjon. Du kan lese meir om algeprodukjonen deira på nettsida til NIBIO.

Rolf Olav er midt i bygging av eit biogassanlegg på garden, der energien frå husdyrmøkka også kan nyttast i algeproduksjonen. Rolf Olav er opptatt av at biogassen skal lagast heilt på eigne ressursar frå garden. Deltakarane på inspirasjonsgarden fekk sjå både algeproduksjon, kraftverk og biogassanlegg under utbygging.

Kjell Paulen hadde innlegg om solcellepanel på eigen gard, og gav tips om kva ein må tenkje på ved installering og bruk. Anders Felde informerte om status for biogassanlegget i Gloppen, medan Åge Bremer frå Innovasjon Norge presenterte Bionova og snakka om fornybar energi frå Innovasjon Norge sitt perspektiv.

Arrangementet var retta mot alle med interesse for innovasjon og utvikling av landbruket i Vestland, og blant deltakarane var det både bønder, politikarar og tilsette i forvaltninga.

Rolf Olav Gjørven foran det som skal bli fermentor for husdyrgjødsel

Dag Hjelle fortel om algeproduskjonen