Felde sit i Landbrukspartnerskapen i Vestland. Han representerer Vestland Bondelag saman med organisasjonssjef Lars Peter Taule.   Landbrukspartnarskapen er sett saman av Vestland bondelag, Hordaland bonde og småbrukarlag, Sogn og Fjordane bonde og småbrukarlag, Innovasjon Norge, Statsforvaltaren og Vestland fylkeskommune,.  Dei har hatt to møte for å legge strategiske føringar for IBU-midlane for året 2023 og no er resultatet klart.

Møta i partnerskapen vert stort sett gjennomført digitalt på Teams

Partnarskapen meiner det er viktig å sikre at det blir nok midlar til å finansiere vidare ombygging frå bås- til lausdriftsfjøs. I april 2023 vil partnarskapen ha eit statusmøte.  Målet med møtet er å vurdere om det er aktuelt å endre den oppsette prioriteringa ut frå søknadane som har kome inn. Dersom Innovasjon Norge ser at ei av rammene i tabellen over er i ferd med å blir brukt opp før møtet i april, må resten av partnarskapen få melding om det.

Støttenivå knytt til enkeltprosjekt

Landbrukspartnarskapen er kjend med at det er Innovasjon Norge som bestemmer kva som skal vere maks støtte i prosent og kr innan dei ulike produksjonane.  Partnarskapen tillet seg likevel å kome med følgjande innspel:

  • Mjølkeproduksjon: Ombygging frå bås til lausdrift må få maksimal støttesats for 2023: 40% og inntil 3,5 millionar kr per prosjekt. Partnarskapen oppmodar om at same prosent og støttenivå også skal gjelde når eldre, nedslitne lausdriftsfjøs må erstattast av ny.
  • Ammeku og sau: Maks støtteprosent må hevast med 5%.
  • Frukt og bær: For å motverke tendensen til at steinfrukt og bærareal blir tilplanta med epletre, må støtteprosent og nivå på støtte hevast.  Støtta til steinfrukt og bær må vere høgare enn det som er i dag, og høgare enn støttenivået på eple.  Det er utvikla betre dekkesystem enn dei som i dag vert brukt i morellar.  Eit fuktigare klima og redusert tilgang til plantevernmiddel gjer at desse systema bør takast i bruk.  Tette dekkesystem hindrar innflyging av til dømes raudfottege, og dei nye systema vernar trea betre mot regn og sikrar eit tørrare klima under taket med mindre soppspreiing. Partnarskapen oppmodar Innovasjon Norge om å støtte utskifting av dekke i morellproduksjonen.
  • Arrondering i frukt og bærhagar: Kostnadane med slike tiltak er ofte svært mykje høgare enn det som blir lagt til grunn. Maksimal støttesats per da bør difor hevast frå 30 000 kr til 90 000 kr av godkjent kostnadsoverslag

Meir kunnskap om dei ulike ordningane finn du på Innovasjon Norge sine sider

INNOVASJON NORGE I VESTLAND