I vår har det vore diskusjon i media omkring merkevara Inn på tunet. Til dømes oppslag i Bondebladet 8. april. Det vart mellom anna stilt spørsmål om Stiftelsen Norsk Mat sin forvaltning av merkevara og etablering av samvirket Inn på tunet Norge. Vestland Bondelag er opptatt av å ta vare på både merkevara og tilbydarane. Det er viktig med god kommunikasjon og samarbeid, difor inviterer vi til eit digitalt møte for alle tilbydarar.   

Program

15:00   Velkomen ved Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag

15:10   Kva skal til for å bli ein IPT-gard, og kva er verdien av merkevara Inn på tunet?
            IPT-bonde Solveig Lilletvedt

15:20   Merkeordninga Inn på tunet.
Bjørn Austad Hvaleby, Stiftelsen Norsk Mat

15:35   Presentasjon av samvirkebedrifta Inn på tunet Norge
Hege Lindstrøm, dagleg leiar av IPT Norge SA

15:50   Korleis arbeider Norges Bondelag med IPT?
Amund Johnsrud, Norges Bondelag

16:00   Spørsmål og diskusjon

16.30   Møteslutt

 

Alle som er påmeldt får lenke til deltaking og framgangsmåte til korleis ein skal kople seg på.

Påmelding til vestland@bondelaget.no innan 11. mai klokka 12.00