Kjære bondelagsmedlem 

Joli nærmar seg, som bonde er det ikkje alltid så stor skilnad på kvardag og høgtid, men akkurat i joli trur eg dei fleste av oss prioritetar å gire litt ned og bruke litt meir tid med venner og familie. 

2023 nærmar seg slutten, det har vært eit hektisk bondelagsår. Året mange kanskje helst vil gløyme så fort som råd. Ein ekstremt tørr vår og forsommar, avløyst av ein altfor våt sommar og haust. 

I slike situasjonar er det viktig å ha nettverk rundt seg og laget i ryggen, som bondelaget er for oss medlemmar. Bondelaget var tidleg i beredskapsmodus og drog fram dei erfaringane som blei gjort rundt tørken i 2018. Det å starte dialogen tidleg, både med bønder, rådgjevings-teneste og staten var viktig. Oppdateringar, prognoser og jamleg dialog gjennom heile vekstsesongen førte til at aktuelle tiltak kom på banen etterkvart. Det har også vore med å synleggjort kor nødvendig det var med justering av satsane i ordninga for produksjonssvikt i år. 

Me har sett både i bondelaget, rådgjevingstenesta, forvaltninga og hjå oss bønder at me har lært av 2018, og me har heilt sikkert lært endå meir i året som har gått no- sjølv om det er ei mager trøyst.

Noko av det eg synest er det finaste med å vera bonde, og tillitsvalt, er at eg stadig lærer. Det har vore eit år med veldig bratt læringskurve for min del, som ny fylkesleiar har eg lært noko nytt kvar einaste dag. Eit stort og omfattande verv som har gjeve meg utruleg mange opplevingar, mykje ny kunnskap, mange nye bekjentskap og mange ting å tenke på i året som har gått. 

Landbruket er i ei vanskeleg tid. Det er mange faktorar som ikkje er på vårt låg. Me i Telemark bondelag kjenner dette på kroppen, og jobbar det me kan, der me kan - mot forbrukarar og mot politikarane våre. 

I februar kjem endeleg tilskottet på konto, der er det med eit beløp (totalt 888 mill) som er kompensasjon for sviktande forutsetningar frå førre jordbruksforhandlingar, det var eit viktig prinsipp i årets avtale!

At vi framleis har ei straumstøtteordning er også avgjerande. Jobben som skjer fram mot det årlege jordbruksoppgjeret ser ut som blir berre viktigare og viktigare år for år. 

I statsbudsjettet hadde me store forventingar til endringar i tollsatsar, og jobba hard for endringar for fleire viktige volumvarer,  men fekk dessverre berre gjennomslag for varer med høg sjølvforsyningsgrad og forholdsvis lite volum. Noko som var skuffande. Det var også håp om ei beskriving av både komplett nytt talgrunnlag og opptrappingsplan for jordbruket i statsbudsjettet, samt ein plan for auka sjølvforsyning, det kom heller ikkje i årets budsjett. Det betyr at me blir langt ifrå arbeidsledige i 2024! Me skal også vera aktive i arbeidet med revidering av klimaplanen og svare på høyring om blant anna gen-redigering og ny gjødselvareforskrift.

Me har i året som har gjenge jobba med mange saker som har både lokal, regional og nasjonal betydning. Telemark Bondelag har søkt og fått innvilga midlar frå fylket til prosjektet "Klimasmart bonde Telemark". Prosjektet skal gå over 3 år og målet er å betre oppslutninga på ulike klimatiltak i landbruket i Telemark.

Sjølv om me gjennom året ikkje har fått fult gjennomslag på alt me har jobba for, må me heller ikkje gløyme at me har fått nokon veldig viktige del-sigrar. Som eksempelvis no i haust: endingar i talgrunnlaget, som budsjettnemnda skal jobbe med fram mot jordbruksoppgjeret til våren. Det er ein start på noko riktig og viktig, og viser at langsiktig arbeid nyttar.

Bondelaget er ein stor gjeng med kunnskapsrike folk som jobbar mykje og godt for å betre vilkåra våre. Det er mange i samfunnet som i denne "dyr-tida" treng betre vilkår, og me kjempar om kroner med mange andre gode formål i samfunnet. 

For at me skal kunne jobbe best mogeleg saman og argumentere godt for at saker skal bli prioritert treng me at alle er med, me treng mange medlemmer med gode innspel. 

Takk for at de er medlemmar i bondelaget og er med på å utfordre oss og spele oss gode. Takk for alle kommentarar og innspel i 2023.

Me i Telemark Bondelag vil ynskje dykk alle ei god jol, med norsk joletre i stoga, god norsk mat på tallerken og lading av både bondekroppen og bondetoppen.
Me ser fram til eit viktig og aktivt 2024, med dykk på laget, og auke av inntekta som hovudmål! 
Godt nytt år!

For styret i Telemark bondelag 
Trude Flatland, leiar