-Den landbrukspolitiske debatten er sterkt prega av utolmodigheita etter nytt/rett/oppdatert talgrunnlag og opptrappingsplan. Det er ikkje rart, sa leiar i Telemark Bondelag Trude Flatland. Det heng sjølvsagt samen med den økonomiske situasjonen, som for mange norske bønder er særs alvorleg. Me må vera den som regjering og Storting opplever som mest krevjande med tanke på å få dette på plass.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det blir vanskeleg for oss hvis dette ikkje er på plass i god tid før jordbruksforhandlingane neste år. Samtidig så slår det meg at denne debatten har blitt så intens at den i stor grad tar bort fokus frå noko som er heilt grunnleggjande for ei politisk næring; nødvendigheita av politisk vilje. Vilje til å gi landbruket rammevilkår som kan gje inntektsmoglegheiter på linje med andre grupper i samfunnet.

Det finnes ikkje den opptrappingsplan Erna Solberg ikkje er i stand til å gruse. Eg vil berre minne om at Høyres definisjon på det å strekke seg langt for bonden er å foreslå et kutt på 1,2 milliardar kroner i årets jordbruksoppgjer. Joda, det ER viktig med nytt talgrunnlag og det ER viktig med en opptrappingsplan for inntekt, men minst like viktig er den REELLE politiske viljen til å gi landbruket rammevilkår som verkeleg kan fjerne tvilen.

Denne viljen er til stades og det er viktig at me vedlikeheld den og utviklar den så godt som mogeleg. Det kan me gjera ved blant annet å gje ros til politikarane. Både bønder og politikarar er overraskande like andre folk, og rosande ord er med på å motivere oss alle.

Det norske landbruket byr på store ulikhetar. Det handlar om blant anna geografi, klima og bruksstruktur. Norskprodusert grovfôr blir hausta med alt frå sjølvgåande finsnitterar til tohjulstraktor.  Forskjellane er enorme. Det viser kvifor det er naudsynt å ha ei velfylt landbrukspolitisk verktøykasse. Me må sørge for at verktøya me har forblir i kassa! Me må fylle på og supplere i kassa slik at me har rett verktøy til å løyse dei ulike utfordringane. Ein skiftenøkkel er anvendeleg den, men ikkje spesielt rask eller effektiv.

Me set klare, men på ingen måte urimelege krav til regjering og Storting, med tanke på rammevilkår for norsk landbruk. Det skal vi halde fram med. Når vi set klare krav til andre, må me og setje klare krav til oss sjølve som næring. Det handlar om truverdigheit. Me kan bli betre på registrering og dokumentasjon i egen drift. Me må og ta vårt ansvar i klimaarbeidet. Klimatiltak på eigen gard er ofte optimalisering av drifta, og dermed vinn-vinn!

Det er til tider ein usakleg og hard tone i landbruksdebatten, det kan skremme nokon og ein kvar frå å delta. Å ikkje delta fordi ein fryktar konsekvensane av å hevde si meining – uroar meg.  Det handlar om demokratiet vårt.  Splid og intern usemje i landbruket, slik det til tider fram står, er bortimot en gåvepakke til dei som ynskjer ei annan utvikling av norsk landbruk enn kva me i denne salen jobbar så hardt for, avslutta Flatland.