I samfunnet seier vi ofte at vi er alle avhengige av kvarandre, og at alt heng saman. Slik er det heilt klart også i landbruket. Det involverer ofte store verdiar sjølv om det kan vere lite pengar tilgjengeleg. Garden er bustad for familien og arbeidsplassen - i ei og same eining. Det er landbrukets styrke, men også svakheit. 

Å vere bonde er like mykje ein livsstil som eit yrke med tanke på timeforbruk og krav til å vere sjølvstendig. Det er eit mangesysleri der ein er mykje bunden, men yrket byr også på stor variasjon i arbeidsoppgåver og friheit til å styre eigen kvardag.

Situasjonen på ein gard kan bli altoppslukande når arbeidsmengde og stressnivå stadig aukar. Bonden er pressa. Fleire alvorlege uønska hendingar har fått store oppslag i media der situasjonen på garden har komme ut av kontroll.  

Bonden er i ferd med å miste makta over eigen kvardag, over økonomien og arbeidssituasjonen. Vi krev endringar NÅ! Skal vi ha eit sunt landbruk med god dyrehelse og friske bønder, treng bonden realistiske arbeidsvilkår. Ikkje minst er dette sentralt for å sikre rekruttering.

Bonden er gardens viktigaste ressurs og treng ei inntekt på line med andre samanliknbare grupper. Velferdsordningar som gjer at det er økonomi til å kunne ha sjukefråvær når det er naudsynt. Ta ut mamma- og pappapermisjon. Kunne ha ferie og fritid, slik at bonden også får tida som trengs til å kople av og hente seg inn att, innimellom.  

Telemark bondelag vil bruke påverkingskrafta si og jobbe for å gje bonden best mogeleg arbeidsvilkår. Eit sunt landbruk har ein sunn økonomi og friske bønder som skimtar ein leveleg arbeidsdag og ei lys framtid.