Mikkel er nestleiar i Telemark Bondelag og fruktprodusent. Han løftet fram beredskap og moglegheitene for å produsere meir frukt og grønt i generaldebatten.

-Alle ledd i verdikjeda må vere med på laget om vi skal auke norsk produksjon, sa Mikkel. Da nyttar det ikkje at Bama senkar behovstala på norsk frukt og grønt.  I mange år har Bama signalisert at dei vil ha meir norsk, men i vår har dei brått endra kurs og sagt at dei treng mindre frå den norske bonden.

Eit eksempel er plommer. Produsentane til Bama produsere om lag 1200 tonn i året, men i mai sa Bama at dei berre ville ha 720 tonn plommer til full pris.

Samtidig seier Bama at dei vil prøve å selje alt som vert produsert av norsk frukt, med ambisjon om å oppnå målpris, men at store volum kan krevje aktivitetar og prisreduksjonar.

Å skru ned behovstala og kalle resten «overproduksjon» som dei må selje til lågare pris kan vere med på undergrave målpris-systemet.

Mindre produksjon fører også til at det er mindre volum å fordele pakkekostnadene på. Fellespakkeria får mindre inntekter, dermed går pakketrekket opp og bonden tener endå mindre.

Vi har framleis eit håp om at Bama justerer kursen før sesongen startar og tar det med i kveldsbøna inntil vidare.

Direktøren Elisabeth Morthen i Gartnerhallen var raskt på banen då Totalberedskapskommisjonen nemnde matberedskap. Ho krev at offentleg sektor må bli flinkare til å spørje etter norskproduserte varer. Bare 20 prosent av frukt og grønt som det offentlege kjøper, er norskprodusert. Det er for dårleg.

Men skal vi verkeleg få opp det norske volumet og produksjonen må vi kommunisere til forbrukarane at også dei må spørje etter norske varer.

Først då kan det verkeleg bli fart i beredskapen med eigne matvarer!