Spanande nytt fagskule-tilbod på Mo

Publisert 15.02.2020
  • Tips en venn om denne siden

Per i dag Noregs einaste fagskule-studie med kopling mellom robot-teknologi og landbruk startar opp på Mo frå hausten av!

Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen i Vestland og Sparebanken Sogn og Fjordane har løyvd midlar til finansiering av eit nytt fagskule-studium på mjølkeproduksjon med robotteknologi. Studiet er eit samarbeid mellom Fagskulen i Sogn og Fjordane avd. Førde og Mo og Øyrane Vgs. avd. Mo. Sjølve studieplanen er utarbeida av representantar frå ulike delar av næringa, slik at ein sikrar at utdanninga dekkjar dei behova næringa etterspør.

Studiet blir organisert som eit deltidsstudium med 8 samlingar kvart år, 3 dagar per samling. I tillegg til eigne undervisingskrefter, blir det leigd inn spisskompetanse frå rådgjevingsorganisasjonane i landbruket og imek-firma.

Hovudmålet er at utdanninga skal vere framtidsretta med hovudvekt på teori i praksis. Studentane skal etter avslutta utdanning forvalte eigne landbruksføretak, eller kunne gi gode råd ut i frå næringa og samfunnet sitt behov.

Studiet er opent for dei som har fullført agronomutdanning, men det er òg mogleg å bli tatt opp til studiet på bakgrunn av relevant praksis/utdanning (realkompetansevurdering). Dette er eit studie for deg som driv med mjølkeproduksjon eller ynskje å drive med det, rådgjevarar innanfor mjølkeproduksjon og tilsette i leverandørindustrien.

Studieplassen for studentane vert Mo, og planlagt oppstart er allereie hausten 2020. Det er eit 1-årig fagskulestudie som vil bli gjennomført som eit samlingsbasert deltidsstudie over 2 skuleår. Søknadsfristen er 15.april så her er det berre å kaste seg rundt og søke!

Les meir om studiet, krav og søkeprosessen HER.

Mjølkeroboten i fjøsen på Mo blir demonstrert til ungdomsskuleelevar frå Førde på gardsbesøket i mai.

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

Våre samarbeidspartnere