Det krevst politisk kløkt og entusiasme

Publisert 14.11.2019
  • Tips en venn om denne siden

- Skal annleisfylket Sogn og Fjordane, med busetnad i heile fylket, kunne utvikle seg vidare trengst det dyktige politikarar som verkeleg ser verdien det er i å ha folk buande i heile Vestland sa Jens Kihl då han innleia til leiarmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag på Skei i dag.

Det handlar om å skaffe seg alliansar og jobbe saman med anna næringsliv og andre organisasjonar.  - Det kan fort verte slik at Bergen har nok med sine kommunale oppgåver, og at moglegheitene for alliansane ligg utanfor Bergen, held Kihl fram.  Kihl møtte ei lydhøyr og politisk engasjert forsamling med eit sterkt ynskje om at Sogn og Fjordane skal kunne utvikle både næringsliv og tenestetilbod vidare i Vestland utan å øydelegge særpreget gjennom sentralisering.   Kihl, som er politisk kommentator i Bergens Tidende, hadde tankar om at partilaga og organisasjonane vil spele ei viktigare rolle framover.  Det vil også verte ein mindre føreseieleg politikk med fleire parti involvert i samarbeidet om makta.  Det gjev samstundes moglegheiter for dei som vil påverke retninga. 

Jens Kihl

Jens Kihl er oppvaksen på Ullevål Hageby i Oslo.  Han er norsk journalist og målmann.  Kihl var leder i Norsk Målungdom20072009. Han var tidlegare politisk aktiv med mellom anna lokalpolitiske verv og som tilsett i SV, og medlem i arbeidsutvalet i Nei til EU. I 2017 vann Jens Kihl Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistarfor sitt bruk av nynorsk i Klassekampen.    Frå hausten 2018 har han jobba i Bergens Tidende som politisk kommentator og dekker i hovudsak det politiske biletet innanriks.  Aktuell med bok om kommunereforma:  «Dette er også Noreg – Kommunal feelgood». 

 

Leiarmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag held fram i morgon med innleiingar frå Norges Bondelag og Jølster kommune og deira erfaringar etter ekstremveret.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

- Me har sett i gang tiltak

Aukar beredskapen

Koronaviruset gjer at landbrukstenester Sogn SA har auka beredskapen.

- Me jobbar for å finne løysingar

- Me jobbar for å finne løysingar

For å bremse spreiinga av koromaviruset, har fleire land innført restriksjonar på reiser. Dette kan ha stor innverknad på produksjonen i landbruket, som har mange arbeidstakarar frå utlandet.

Nettundervisning

- Det er ein spesiell situasjon

Sigbjørn Norddal er elev på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har elevane nettundervisning grunna koronaviruset.

Det er mange utenlandske arbeidstakere i grøntproduksjonen.

Utenlandske arbeidstakere og koronaviruset

For å bremse spredningen av koronaviruset, innfører flere land nå restriksjoner på reiser. Dette kan ha stor innvirkning på produksjonen i landbruket, som har mange utenlandske arbeidere.

Spørsmål og svar om koronaviruset

Her har vi samlet relevant informasjon om landbruket og koronaviruset på ett sted så det skal bli lettere for deg å finne fram. Siden oppdateres fortløpende.

Våre samarbeidspartnere