Ny kvinnearbeidar

Anna Nyin blei tilsett 1. februar. Etter nokre månader saman med Iya i Sambolabo drog ho til galim 1. september og har starta arbeidet med å danna nye spare- og lånegrupper der. Så langt er ei gruppe i drift, men det er fleire grupper på gang Galim og landsbyane i nærleiken.

Bru nr 50!

I 2020 blei det bygd ei bru over Mayo Djarandi med ein total kostnad på om lag 120.000 kr. Prosjektet dekte ca 80.000 kr av dette, resten av befolkninga i området. Dette er bru nr 50 som vi har bidrege til rekna frå 1992 då dei første små bruene blei lagde i Gadjiwan.

Ein brønn er graven i landsbyen Mayo Djoumbare, aust for Sambolabo. Kostnaden med ein brønn ligg på rundt 15.000 kroner pluss eigeninnsats frå folk i den aktuelle landsbyen. Det blei kjøpt inn nytt utstyr til brønngravinga i 2021 då det gamle var utslite.

Arbeidet i spare- og lånegruppene går vidare. Det er nå 13 slike grupper med om lag 600 medlemer. Ei av gruppene er starta hausten 2021 i Galim. Arbeidet med å sjølvstendiggjera desse frå prosjektet er nå eit hovudfokus i arbeidet, men ein slit med at dei fleste i gruppene er analfabetar med liten skulegang.

I Noreg

Vi har fått i alt 361.000 kr i gåver til prosjektet i 2021 mot 251.000 året før. Vi overførde 248.000 kr til prosjektet i Kamerun mot 310.000 kr året før. Budsjettet for 2022 i Sambolabo er på 300.000 kr. Hausten 2021 var det normal møteaktivitet i lag og under hausttakkefestane. Det viste igjen på inntektene. Spesielt er det at vi fekk ei privat gåve på 85.000 kr til brubygging i 2022.

Utvalet består av Gudmund Edland, Landbruksråd Rogaland. Iris Merete N. Frydenlund, 4H, Heidi Netland Berge og Marie Bergsholm Brunes, Bygdekvinnelaget, og Ole Eriksen, Bondelaget.

Det er som før send ut to infoskriv til bondelag og bygdekvinnelag, eit vår og eit haust. Elles blir det lagd ut kort informasjon/nyhende på heimesida til Bondelaget og på Facebook-sida vår gjennom året.

Utvalet har så smått fått høve til å delta på nokre lokale arrangement hausten 2021. Vi planlegg ein tur for utvalet til Kamerun i november 2022 for å følgje opp arbeidet og ikkje minst for at dei nye medlemene i utvalet skal gjera seg kjende med prosjektet på bakken.

Vi har eit mål om å halde inntektene på om lag 300.000 kr i åra som kjem.