Time Bondelag inviterte nye bønder til eit infomøte i Smia på Smiagarden, Undheim tysdag 27.01
Det møtte 8 bønder som har overtatt garder ved årsskifte. I tillegg stilte landbrukskontoret med 4 tilsette og bondelaget med 2 tillitsvalde. Landbrukskontoret orienterte om ordningar og regelverk. Det er ein etat med fagleg høg kompetanse som vil gje service til næringa.
Time Bondelag er størst i fylket på medlemmer og vil gjerne få nye brukarar inn som medlemmer. Dei kunne fronta saker for den enkelte brukar og få saker opp i systemet. Rogaland Bondelag er part under forhandlingane med staten under jordbruksoppgjeret. I tillegg jobbar bondelaget for å styrka næringa og er høyringsinstans for mange saker. Bondelaget har mange medlemsfordelar å tilby. Ramma rundt møtet var fagleg, og møtet var triveleg med god servering og god kontakt mellom deltakarane.