Årets supervervar, strandbuen Reinert Idsø!

-Arbeidet med å få Strand kommune ut av sone 3 er ein motivasjon til å verve medlemmar, seier Reinert Idsø.
Med heile 21 nyverva medlemmer i 2021 er det ingen tvil om at Reinert Idsø, leiar i Strand Bondelag er årets supervervarar!
Supervervaren sjølv legg vekt på at det lokallaget gjorde var noko så enkelt som eitt systematisk og grundig vervearbeid i heile styret, der verving alltid var ope på styremøta. Netto for laget var heile 28 medlemmar i pluss. Men me på kontoret må føye til – Strand Bondelag er eitt sprudlande og aktivt lag som er synlege og visar godt igjen i lokalsamfunnet. Sjølvsagt vil folk vere med i eitt slikt lag, når dei vert spurde. Me gratulera atter ein gong!