Gode årsmøte !

Me står midt oppi ein energikrise og krig i Europas kornkammer. Det er varsla matvarekrise, Sjølvforsyning og matberedskap har aldri vore meir aktuelt enn no.

 Av alle dei oppdraga norske bønder har, må det å produsera mat vektast meir enn nokon gong. Tri prosent av jorda i dette landet er dyrka eller dyrkbar, og jordvernet har meir fokus no enn nokon gong. Likevel ligg det hindringar i vegen for å produsera mat på noko av dette arealet. Her snakkar me om biologisk mangfald, kulturminne og innføring av forskrifter .

Biologisk mangfald er sjølvsagt noko me bønder skal væra opptekne av, men av og til må ein spørja seg sjølv om miljøvernmyndigheitene forstår kost/nytte prinsippet. I eit kulturlandskap vil det alltid væra motstridande interesser, og mange meiningar om korleis landskapet best skal nyttast og til kva. Her må Bondelaget stå opp for matproduksjonen. På Jæren har me både nå og tidlegare  hatt saker der miljøverninteressene vil innskrenka bondens disposisjonsrett og dermed ramma matproduksjonen utan godt nok kunnskapsgrunnlag. I nokre tilfelle faktisk til ugunst for den trua arten. Miljøvernmyndigheiter framstår som aktivistar og antar at bøndene ikkje vil artane vel, jamfør svarthalespovesaka. I denne saka viste det seg at svarthalespoven klarte seg betre ved tradisjonell landbruksdrift enn under dei omfattande og inngripande tiltaka statsforvaltaren ville innføra, grunneigarane vann fram.

Slik kan me ikkje ha det. Forvaltning av kulturlandskapet må skje i samarbeid med grunneigar, og på ein måte som varetek matproduksjon og sjølvforsyning

I fleire tilfelle vert nydyrking stansa av ein holveg, nokre stakketufter eller rydningsrøyser. Ei rydningsrøys er spor frå våre tidlegare yrkesbrør som rydda jorda for å dyrka korn, og det er heilt sikkert at dei hadde snudd seg i grava om dei hadde visst at nybrottsarbeidet deira skulle hindra korndyrking i framtida. Me kan ikkje ta vare på alt.

Ny gjødselvareforskrift er eit resultat av grunnvassproblem i land som Danmark, Belgia og Nederland, Dette er land som har mellom 50 og 70 % av arealet dyrka, ikkje 3 som Norge. Heller ikkje i dei mest husdyrtette områda her til lands er dette eit problem, til og med på Jæren er kvaliteten på vassdraga god.  Ein kan ikkje samanlikna Norge med desse landa.

Auka produksjon nasjonalt, hjelper også på den globale  situasjonen. Det me importerer tek me rett ut av munnen på dei som treng det mest. For kvar einaste kalori me produserer her til lands, er det nokon fleire i fattige land som kan gå til sengs litt mettare.

Takk