- Berekraft er det som gjer moglegheiter for næringa framover, men berekraftarbeidet må vere lønsamt. Det seier Ola Hedstein, frå Rethink Food.

Me har no store moglegheiter til å utvikle vår eigen teknologiindustri innan berekraftig matproduksjon, og me kan definere kriteria for berekraftig matproduksjon i Europa. Men det krevjar at bøndene har moglegheit til å investere og at det er lønsemd i produksjonen. Her må politikarane på banen for å sikre gode rammevilkår og investeringsmidlar.

Eitt godt eksempel på teknologiutvikling i veksthusnæringa er det spanande arbeidet til Trolltunga Robotics, som har utvikla ein pakkerobot for tomat. Det er truleg den første fungerande pakkeroboten for tomatnæringa, og så langt reknar dei å kunne halvere kostnadane til pakking.

Veksthusnæringa gjer og nye moglegheiter for berekraftig matproduksjon. Det er fleire nye vekstar me kan produsere i norske veksthus i staden for å importere dei – så fremt me klarer å gjere det lønsamt. Nokon av disse vekstane er godt kjende for norske forbrukarar som blåbær. Eller mindre kjende, som bitter gourd og yardlong beans. Innvandrarbefolkninga etterlyser særleg tropiske vekstar dei saknar frå sine opprinnelsesland, som ofte er vanskelege å skaffe i god kvalitet i Noreg. Det er marknadsmoglegheiter på fleire hundre millionar i dette marknadssegmentet, men nøkkelen for å klare å få til dette er å kombinere høgverdi og kostnadseffektivt plantestell.

Korleis skal me overbevise forbrukaren til å kjøpe norsk? Me må snakke til kjenslene deira, seier Silje Thoresen Tandberg frå Opplysingskontoret for frukt og grønt. Forbrukaren høyrer mindre på fornuft og meir på vellyst. Då er det viktig at me snakkar fram alle dei velsmakande norske produkta – særleg når dei er i sesong.