Hovuddelen av beløpet er for å dekkje ein svært høg kostnadsvekst. Dette kjem ikkje bonden til gode, men det er ein føresetnad for å framleis kunne drive jordbruk. Me er glade for at regjeringa har forstått alvoret og kjem oss i møte på kostnadskompensasjon. Samstundes er avstanden frå bønder til andre grupper i samfunnet stor, og det er svært naudsynt med ein snuoperasjon for bondeinntekta. Me krevjar ein inntekt på lik linje med andre grupper i samfunnet. Her leverer regjeringa ein lågare tetting av gap enn det me ville venta, utifrå Hurdalsplattfomen. No skal me lese meir nøye på tilbodsdokumentet. Det seier Marit Epletveit, fylkesleiar i Rogaland Bondelag.