Rogalandsbenken på plass til Bondetinget 2022

Endeleg er det bondeting, for første gang sidan 2019 kan årsmøtet samlast fysisk og ikkje digitalt. Bondetinget er bondelagets viktigaste forsamling og Rogaland Bondelag er godt representert med tolv delegatar.
Alle fylkeslaga har to planlagde innlegg kvar, og frå Rogaland skal Tarald Magne Oma og Sven Martin Håland ta ordet. Er du nysgjerrig på kva dei vil seie kan du sjå/høyre livesendinga av Bondetinget, og når du ikkje det kjem me til å leggje ut innlegga deira. Me gler oss!
Lurar du på kva som skjer på bondetinget? Her er sakspapira, og her kan du sjå/høyre heile arrangementet live.