Mentorordninga kjem til Rogaland i 2020!

Av Are Hauge Braaten,
  • Tips en venn om denne siden

Agnete Fauskrud med sin mentor i sauedrift.

Etter eit treårig prøveprosjekt i nokre fylke og gode tilbakemeldingar, kan no bønder i heile landet søka om å få sin eigen mentor i 2020.

Mentorordninga i landbruket går ut på at ein fersk bonde vert sett saman med ein meir erfaren kollega som mentor til å bistå som diskusjonspartner i drifta gjennom eit år. Tilbodet omfattar alle produksjonar, frå dei tradisjonelle til Inn på tunet, lokalforedling mm. Les gjerne reportasjar om bønder som har vore med allereie: Valborg som starta med plommer og Agnete som har starta med sau. Ordninga er eit samarbeid mellom Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og Innovasjon Norge med økonomisk støtte over jordbruksavtalen.

Regional oppfølging

Alle mentorpar vert tilknytt ein regionkontakt i Norsk Landbruksrådgiving. Samarbeidet settast i gong med ei oppstartssamling der ein får opplæring i kva opplegget går ut på. Mentorparet skriv òg ein målretta avtale på kommunikasjon og møter gjennom året. Mentor mottar ei godtgjering på 8000 kr for arbeidet.

Søk i dag - frist 1. desember

Ønsker du å ha ein mentor? Eller ønsker du å vera ein mentor? Søk i dag via på søknadsportalen du finn på NLR sine sider:

https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2019/mentor-2020/

 

Lurer du på noko? Ta kontakt med regionkontakt for mentorordninga i Rogaland, Etne og Sveio:

Bjørg Karin Dysjaland

Tlf. 938 40 839

bjorg.dysjaland@nlr.no

Motivert for å jobbe for Rogalandsbonden

Årsmøtet i Rogaland Bondelag ga fornya tillit til Marit Epletveit som fylkesleiar. Ole Martin Eikeland vart valt som ny nestleiar, og fekk fornya tillit som styremedlem.

Opptekne av krisepakka

I år er mange nye delegatar på årsmøte i Rogaland Bondelag. Jim Arild Håvarstein og Trond Arne Asbjørnsen frå Rennesøy Bondelag er to av dei.

Leiars tale

Les leiars tale til årsmøte i Rogaland Bondelag her.

Minneord – Svein Helge Harbo

Svein Helge Harbo døyde 10. januar 2019. Svein Helge var tilsett i Rogaland Bondelag frå februar 1981 til han slutta i oktober 2011. Første tida var han førstekonsulent på kontoret i Stavanger, men frå sommaren 1983 tok han over som organisasjonssjef. Den stillinga hadde han til han gjekk av. Årsmøtet i Rogaland Bondelag utnemnde han til æresmedlem same året.

ulv

Rovviltforvaltning i Rogaland

Kva aktørar er det i rovviltforvaltninga i Rogaland? Kan man søke om midler til forebyggende tiltak mot rovviltskadar? Les om det her.

Landbrukskonferansen 2019

Landbrukskonferansen blir arrangert 18. mars på Clarion Hotell og har fått tittelen: "mat og matjord- makt og avmakt".

Ombo Bondelag 40 år

Ombo Bondelag er et aktivt lag som feiret 40 år som lag i helga. Rogaland Bondelag gratulerer så mye!

terje taule og øystein langholm hansen på gjerdemøte

Møte om gjerdehald langs jernbanen

Rogaland Bondelag saman med bondelaga i Lund, Helleland og Hå arrangerte møte med grunneigarane langs jernbanen for å drøfte korleis me skal forhalda oss til naboskapet til Bane NOR.

Våre samarbeidspartnere