Temadag Eigarskifte på Skarstua
Tilsvarande samlingar dei siste åra har vore så populære at Møre og Romsdal Bondelag på nytt inviterer til samling med tema Eigarskifte i landbruket. Denne gong laurdag 17. november 2018 kl 10.30 – 17.00 på Skarstua mellom Fræna og Molde.
Advokat Ole Houlder Rødstøl dekker det faglege innhaldet. I det daglege er han partnar i advokatfirmaet Øverbø Gjørtz med kontor i Molde. Han er samarbeidsadvokat for Norges Bondelag, med særlege arbeidsområder knytt til generasjonsskifte, generell forretningsjuss, odelsrett og skatt.
Det blir fokus på:
- Planlegging av eigarskifte – regelverk.
- Gjennomføring av eigarskifte – regelverk.
- Kva partane kan gjere på eiga hand og kva det bør søkjast hjelp til for å unngå gjera feil, m.v.
Målgruppe er i utgangspunktet alle som har tilknyting til garden, både ny og gammal generasjon, som skal inn i eller er inne i ein eigarskifteprosess.
Deltakaravgift kr 450,- som inkluderer lunsj.
Påmelding innan snarast til:
Møre og Romsdal Bondelag, tlf 71 20 28 90, mob/sms 99 72 63 99
E-post: more.romsdal@bondelaget.no
Heimeside: www.bondelaget.no/moreogromsdal