[07.07.2010] Bondelaget sitt småkraftprosjekt får enkelte innspel om andre former for fornybar energi enn småkraft. På eit uformelt kontaktmøte nyleg med advokat og oppfinnar Asbjørn Skotte i Ørskog på Sunnmøre vart det presentert eit konsept for småskala bølgjekraft.
[06.07.2010] Styret i P/L Vestlandsk Landbruk har handsama framtida for bladet og rådd til at årsmøtet i september vedtek nedlegging av bladet. Saka har vore til handsaming siste halvåret etter at Nortura sa opp deltaking i blad-samarbeidet frå 2011. Styret hadde to valalternativ - fortsett fulldistribusjon med reduserte kostnader eller ei samordning med Bondevennen - som i praksis vil seie nedlegging av bladet i noverande form.
[05.07.2010] Lønsemda på dei store utbyggingsbruka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er om lag som for andre mjølkeprodusentar i regionen. Ei studie viser at driftsresultatet har blitt like godt eller betre enn det som var forventa, men at årsaka til dette er at produksjonen ligg langt over (40%) det som var planlagt.
[02.07.2010] Møre og Romsdal Bondelag oppfordrer tillitsvalde og medlemmer til å bruke sommaren til å ta nye bileter til kommmunebrosjyrene. Bileta kan sendast på e-post til Møre og Romsdal Bondelag: more.romsdal@bondelaget.no
[28.06.2010] - Eg arbeider 4000 timar i året, det dobbelte av ein industriarbeidar. Det tilseier ei timeløn på åtti kroner. Så lav inntekt er ulovleg i Norge, i alle fall for alle andre enn oss bøndene. Hadde eg vore polsk innvandrar, ville arbeidsgjevaren min ha blitt bura inne, seier mjølke- og avlsgrisprodusent, Ap-mann og leiar i Ørsta Bondelag, Geir Hole, i eit intervju med Sunnmørsposten.
[25.06.2010] - Vi tek til å merke resultat i lokalpolitikken av Norges Bondelag sin langvarige arbeid med kommunikasjon i samfunnet, sa årsmøteutsending Hans Frafjord. Det har ført til større engasjement for næringa. Frafjord roste organisasjonen for å prioritere den målretta innsatsen siste året og som no kom så godt fram i den nye utforminga av årsmeldinga.
[24.06.2010] - Utvikling og fordeling i norsk landbruk er ikke slik leder Bjørn Gimming i Østfold Bondelag igjen forsøker å gi inntrykk. Det er ønskelig at situasjonen og utviklinga blir beskrevet slik den faktisk er, skriver fylkesleder i M&R Bondelag, Inge Martin Karlsvik (bildet), i et leserinnlegg.
[22.06.2010] Styret i Møre og Romsdal Bondelag sluttar seg til dei nye forskriftene for Regionalt miljøprogram (RMP) for Møre og Romsdal. I all hovudsak er forskrifta den same som i 2009, men som ei følgje av jordbruksoppgjeret har fylkesmannen teke ut fjorårets ordning i § 7 ”Tilskot til skjøtsel av verdifulle kulturlandskap”, og gjeninnført ordninga ”Tilskot til drift av bratt areal”.
[21.06.2010] - Det er et stort potensial for forskningsbasert næringsutvikling i landbruket, men det avhenger av at forskningsresultatene oppleves som relevante og blir tatt i bruk i næringa. For å sikre at dette skjer er det viktig at næringa selv spiller ei aktiv rolle under utviklingen og gjennomføringen av forskningsprosjektene, sier prosjektleder Øyvind Mejdell Jakobsen (bildet) i Oi! Trøndersk Mat og Drikke AS.
[18.06.2010] - Vestlandet har ikkje blitt prioritert med nokre særskilde tiltak i den vedtekne avtala, seier styret i Møre og Romsdal Bondelag i si oppsummering av jordbruksforhandlingane 2010. Styret meiner stadig større del av matproduksjonen blir konsentrert i dei beste jordbruksområda i landet. Dette trugar viktige nasjonale mål om matproduksjon over heile landet og Vestlandsfylka sin spesielle verdi for nasjonal identitet og reiseliv.
[18.06.2010] Med 4600 medlemmer i ryggen møtte Inge Martin Karlsvik fra Bondelaget og Ole Morten Sorthe fra Fiskarlaget fylkestinget for å informere om utfordringer og muligheter for sine næringer. Møre og Romsdal er ett av landets ledende fylke på produksjon av mat. Råstoffet blir levert av bønder og fiskere, som representerer to viktige næringer både for sysselsetting og bosetting rundt om i Møre og Romsdal. (Romsdals Budstikke)
[17.06.2010] I eit oppsett over fakta om utviklinga i landbruket i dei tre Vestlands-fylka, går det tydeleg fram at Møre og Romsdal har ”mest og flest” når det gjeld nedgang i produsent mengde innan fleire produksjonar og areal i drift.
[16.06.2010] - Rekruttering er ei av dei største utfordringane for landbruket i fylket. Fylkeskommunen arbeider på oppdrag frå departementet med tiltak for rekruttering, likestilling og kompetanse. Her har Møre og Romsdal Bondelag fått etterkome søknad om å sette i verk ei rekkje tiltak etter vedtak i Nærings- og miljøutvalet. Dette sa leiar Inge Martin Karlsvik då han presenterte status og utfordringar for primærnæringane for fylkestinget i Geiranger den 15. juni.
[11.06.2010] Fleire gardsbesøk og orientering om landbruket i Norddal kommune sto på programmet då fylkesstyret i Møre og Romsdal Bondelag hadde styremøte og utferd i Valldal torsdag 10. Juni. Styret blei orientert om status og utfordringar for næringa i heile kommunen. Det ble sett på frukt- og bærdyrking på Linge (biletet) og i Valldal, og nytt samdriftsfjøs på Hjelme som er eit av fleire nye fjøs i kommunen der det lenge var tilbakegong i husdyrhaldet.
[11.06.2010] – Vi reagerer svært sterkt på at politikarar i Rauma no tek til orde for å ta i bruk den beste jordbruksjorda her i kommunen til bustadformål,. Politiske signal frå enkelte politikarar i Rauma er heilt i utakt med regjeringa sine føringar når det gjeld jordvern, seier leiar Anders Øverbø og nestleiar Øyvind Heinåli-Karlsen i Rauma Bondelag til Åndalsnes Avis.
[09.06.2010] - Hjelp oss å foreslå serveringsstadar og motiver dei til å bruke meir av lokale råvarer og oppskrifter, slik at årets Ganefart-vinnar kjem frå vårt distrikt, oppfordrar leiar i Møre og Romsdal Bygdekvinnelag, Solveig Linge Stakkestad, som også er styremedlem i Møre og Romsdal Bondelag.
[08.06.2010] Møre og Romsdal Bondelag mener dyrevernnemnder med lite lokal kjennskap og varierende økonomiske rammer vil ha store utfordringer med å være effektive i dyrevernsaker og vil da kunne bli Mattilsynets ”alibi”. Ved at det kan bli snakk om store virkeområder for nemndene og ingen klar instruks om oppsøkende og forebyggende arbeid, er faren stor for at dyretragedier fortsatt vil forekomme i samme eller hyppigere grad som nå.
[03.06.2010] Møre og Romsdal Bondelag ber i eit brev til Statens Vegvesen og Eksportvegen A/S om at det ikkje vert etablert bompengeordningar som legg unødige hindringar for lokal landbruksdrift ved bygging av Tresfjordbrua og Vågstrandstunnelen. Bondelaget ber om at bønder på Vikebukt og på Vestnes/Helland som kan ha landbruksdrift på den andre sida av fjorden slepp å betale bompengar.
[02.06.2010] - Etter styringsgruppemøte nyleg konstaterer eg at vi har lukkast godt med aktiviteten i Prosjekt småskala kraftverk, seier leiar i styringsgruppa Cesilie Aurbakken. Vel halvveges i prosjektperioden ser vi at aktiviteten er høg, og at etterspunaden etter informasjonstenester frå prosjektet er aukande. Dette gjeld både frå grunneigarar i kjerneområdet på Vestlandet og frå resten av landet.
Møre og Romsdal Bondelag besøksadresse: Fannestrandsveien 63 (Felleskjøpet), Molde. Postadr: Postboks 2047, 6402 Molde. Tlf: 71 20 28 90. Mobil: 907 29 582
more.romsdal@bondelaget.no
Ansvarlig redaktør Gunnar Wenzel, internettansvarlig Arild Erlien
| Ma | Ti | On | To | Fr | Lø | Sø |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | |||
| 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 |
| 12 | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 |
| 19 | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 |
| 26 | 27 | 28 | 29 | 30 | 31 | |