Norges Bondelag samarbeidar med Utviklingsfondet om eit landbruksprosjekt i Malawi. Prosjektet har fokus på betre metodar i lokal matproduksjon og betre livsvilkår for bondefamilien.

Loddsalet under årsmøtet gir nok midlar til opplæring av fem modellbønder, som igjen lærer opp andre bønder. Modellbøndene får ein sykkel kvar, som gjer at dei kan reise rundt til bønder i nærområdet og lære dei nye
og meir berekraftige produksjonsmetodar. Opplæring koster 900 kr per person og ein sykkel 500 kr. I tillegg gir vi fire griser, såkorn, ein kyllingflokk og ein geiteflokk.

Norges Bondelag meiner at alle land har rett til å produsere mat til eigen befolkning, og Utviklingsfondet hjelper til med å utvikle landbruket i Malawi. Det viktigaste er at bøndene kan brødfø seg familien, og kanskje ha varer å selje til nærmarknaden.

Link til prosjektet bønder støtter bønder

Gevinster frå utloddinga på årsmøtet