FLokallagsleiar i Fusa Bondelag, Lars Inge Vik, presenterer quizen under middagen.ørre veke arrangerte Bjørnefjorden Landbrukskontor inspirasjonsmøte for Landbruk i Bjørnefjordsregionen. Under middagen fekk dei vel 30 middagsgjestene sjansen til å finna ut av kva for bondetype dei er. Fusa Bondelag stilte med bonde-quiz, og alle fekk kvar sin Bondebutton med seg heim.

Møtet føregjekk på Skjelbreid-Poiree sine flotte lokale og omgjevnader. Bondelaget må gje full honnør til initiativtakar. Me syntest det er flott at ein med dette prøver å setja fokus på arbeidsplassar i landbruket,
og inspirera nye til å satsa på jorda og tunet som leveveg.

Nesten alle meiner at matproduksjon og landbruk er viktig i Noreg. Med denne kampanjen vil me i bondelaget setja fokus på akkurat dette. Møter du på oss i nærområdet, får du sjansen til å visa at du støtter oss. Buttons til alle (så langt behaldninga rekk).

(Bjørnefjorden Landbrukskontor dekker kommunane Fusa, Samnanger, Tysnes og Os.)

Tekst og bilete ved Fusa Bondelag

Leiar i Fusa Sp, Haldor Tuft og ordførar i Fusa, Hans S. Vindenes, tok quizen

Karsten Valland og Ole Andreas Smette frå Innovasjon Norge

Ordførar i Samnanger, Marit Aksnes Aase

Middagsgjestene fann sin indre bonde