Det var godt oppmøte til debatten, og Spire måtte bytte til eit større lokale for å huse alle deltakarane. Panelet bestod av Nina Sundquist, administrerande direktør i Matmerk, Ida Johannessen, styremedlem i Bergen Miljøpartiet de grønne, Petter Nilsen frå Unge Høgre og bystyrerepresentant, samt vår eigen Frode Handeland. Alle heldt eit kort innlegg før debatten.

Leiar i Spire Bergen, Marikken Wullf Wathne, heldt også eit kort foredrag om konsekvensene av norsk soyaimport. Spire lanserte tidlegare i år ein rapport om emnet, kalt Soyalandet.

- Vi produserar ikkje nok proteinrike råvare i Norge til å dekke behovet til ei ku med ytelse på 9 -10 000 liter, sa Frode Handeland. -I dag er løysinga å importere desse råvarane, som soya. I lengden er ikkje det berekraftig.

Frode sa vidare at det norske landbruket har vore gjennom ei kraftig effektivisering, og intensiv drift og klimaendringar utfordrar allereie i dag berekraften. Fleire av bøndene tredoblar mjølkeproduksjonen, då dei må ha fullt fjøs og høg avdrått for å få økonomien til å gå rundt. Som bedriftseigar er det bondens ansvar å drive lønnsamt, og ho eller han vil tilpasse seg dei rammevilkåra som gjeld verksemda til einkvar tid.

- Kva om vi går i motsatt retning? Kanskje kua skal produsere mindre mjølk, då får vi fleire kyr som produserar same mengde mjølk, fleire kalvar og høgare kjøttproduksjon – med totalt mindre bruk av importert kraftfôr.

-Vi i landbruket arbeider for ein berekraftig auke av norsk mat produsert på norske ressursar. Då må vi auke norsk kornproduksjon og den norske delen i kraftfôret i husdyrproduksjon, avslutta Frode.

Spire er ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet.

Debattantane

Ida Johannessen, Petter Nilsen, Frode Handeland, Nina Sundquist og Marikken Wullf Wathne