Bodhild Fjelltveit snakka om korleis vi i næringa kan forplikte oss til å besøke kvarandre og dermed unngå dyretragediar. Knut Byrkjenes Hauso snakka om at målpris på frukt og grønt kan vere eit tveegga sverd. Dag to deltok Frode Handeland i klimadebatten, og snakka om betre utnytting av beiteressursar.

Kjetil Mehl snakka om forenklingar, og du kan lese innlegget her:

Vi har mange tilskotordningar i landbruket. No forsvinn det fleire kvart einaste år. Forenklingar er bra, men ikkje for ein kvar pris.

Det er ein grunn til at alle desse tilskotordningane er oppretta. Dei er nok vanskeleg å forstå for folk flest, men det er ikkje for folk flest vi har dei.

Dei er til for å gje muligheit til å ha eit landbruk øve heila landet og gje muligheit for eit landbruk som ein skal kunna leva av, uavhengig av om ein driv gard i Ullensaker, Jæren, Voss eller Alta.  No har vi berga kvoteordninga for mjelk slik som den var. Men ei anna «forenkling» vart gjennomført i vår.

 Ordninga,  erstatning for vinterskadd eng vart fjerna. Dette er ei ordning ein sjølvsagt ikkje ynskjer å verta råka av. Men kvart einaste år er denne ordninga eit viktig sikkerheitsnett for den enkelte bonde.

 I 2014 var det kun 45 stk som søkte om erstatning, det vart utbetalt 970 000 kr.

Går ein til 2013, så vart det utbetalt 36 millionar kr. Då var det heile 535 søkarar bare i Rogaland!  

 Same året var det det søkt om erstatning på vel 2000 daa bare i Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Dei fekk då utbetalt omlag 235 kr pr dekar i erstatning.

Til neste år får dei ikkje ei krona, om dei får vinterskade på enga si. Og det vil skje igjen. Dette er ei viktig tilskotordning for den enkelte bonde!

Kva forenkling kjem neste år?  Då forsvinn kanskje tilskot til bratt areal?  Trur statsråden at det bratte arealet vert flatt om tilskotet vert fjerna??  

Skal ein gjera forenklingar, så må ein lytta til bøndene, for det er faktisk dei som veit kva ordningane er til for og kor viktige dei er. Problema og utfordringane til den enkelte bonde, forsvinn ikkje fordi om ein forenklar i tilskotsordningar!

Ordførar, statsråd,  kven er eigentleg forenklingane til for?  Bonden, Landbruksdepartementet eller CV`en til statsråd Listhaug?

Frøydis, Anita, Bodhild, Kjetil, Knut og Tonje. Foto: Kari