I samband med at Stortinget har bedt regjeringa om å leggje fram ein ny jordvernstrategi, fekk regjeringa utarbeida ei liste med tiltak som skal styrke jordvernet. Rapporten er utarbeida av Asplan Viak.

Fylkesmann Lars Sponheim er ikkje imponert over innhaldet i rapporten, og meinte at den ikkje var skrive på eit språk som lokalpolitikarar forstår.

Uttale frå årsmøtet i Hordaland Bondelag:

Må forstå jordas verdi

Årsmøtet i Hordaland Bondelag støttar fylkesmann Lars Sponheim sin slakt av jordvernrapporten, referert i Bondebladet 12. mars 2015. Utfordringa er å få kommunepolitikarane til å forstå at matjord har ein verdi.

Sponheim seier at det berre er eitt språk lokalpolitikarane skjønar, løn eller straff gjennom kommunane sine inntektssystem. Dersom kommunen får ei økonomisk straff om dei tillet å byggja på dyrka jord, kan ein få politikarane med seg. Berre då vert jord viktig.

Les meir om kva nestleiar i Norges Bondelag, Brita Skallerud sa om rapporten: Bondebladet. Du kan lese kva Lars Sponheim sa i papirutgåva av Bondebladet 12. mars.