Årsmøte i Radøy Bondelag
Mandag
02
nov
Smith’s møte-og selskapslokale
20:00
Til medlemane
INNKALLING TIL ÅRSMØTE 2020
I samsvar med §14 i Lover for Norges Bondelag, vert det kalla inn til årsmøte i Radøy Bondelag.
Møtet vert halde på Smith’s møte-og selskapslokale måndag 02.11.20 kl 20.00
Sakliste:
- Godkjenning av innkalling og sakliste
- Val av møteleiar, skrivar og to til å signera
- Årsmelding
- Rekneskap
- Arbeidsplan for komande arbeidsår
- Val i samsvar med lovene
- Leiar (for 1 år)
- Tre styremedlemar (for 2 år)
- Tre varamedlemar i nummerorden (for 1 år)
- To revisorar og ein vara
- Valnemnd (eit nytt medlem)
7. Innkomne saker
- Innkomen sak frå styret i Radøy Bondelag; fordeling av pengane på Open Gard kontoen.
Saker som ein ynskjer handsama under pkt 7 skal vera leiar Asgeir Nøttveit i hende seinast 8 dagar før årsmøtet.
Rekneskap vert framlagt på årsmøte. Årsmeldinga ligg ved.
Servering
Vel møtt!
STYRET