Olav Grendstad he tidlegare hausta mykje åtgaum, mykje latter - og stor applaus i samband med forestillinga si om den kronglute fylkesgrensa mellom dei to agderfylka.
Denne måndag ettermiddagen, like oppunder påskehøgtida, vil Olav take oss med på ei humoristisk og spanande rundreise til dei fleste kommunane i røystekrinsen.  Dette kan du glede deg storvegs til.

Frå hovudbølet til Norges Bondelag kjem 2. nestleiar Brita Skallerud. Ei gild, talefør - og ikkje minst kunnskapsrik jente. Brita vil halde eit flammande innlegg om m.a. den nye jordbruksmeldinga - og sjølvsagt om den komande valkampen. Ein valkamp, og eit tilhøyrande stortingsval, som på mange måtar vil leggje låma for norsk landbruk for mange, mange år frametter.
Eit skjebneval for det me ofte kallar "Småskalalandbruk" her på Sørlandet. På Agder.
Etter Brita Skallerud vert det opna for ordskifte - og for det som i slike høve vert omtala som generaldebatt.

På gjestelista finn me og listetoppar og stortingsrepresentantarr frå dei fleste partia som i skrivande stund er representert i Nasjonalforsamlinga.Både noverande representantar - og dei som gjerne vil verte representantar ..


Dei skal, kvar og ein - på sin måte, svare på det heilt avgjerande spursmålet: " Hva vil vi med distriktene og landbruket i Agder,"

I tillegg til to heilt ordinære årsmøter, med tilhøyrande formalitetar, vert dette på mange måtar starten på sjølve valkampen på Agder. Eit møte kor dei fleste topp-politikarane må, og bør, kome. Dei som av ulike grunnar vel å sitje heime i sofakroken - ja dei gjeng truleg ein farleg haust i møte. Då kan vegen fram til Løvebakken verte både kronglute, smal og bratt.
Me ser fram til ein spanande og innhaldsrik dag.
Dei politiske, kulturelle, sosiale - og gastronomiske høgdepunkta vil beint fram stå i kø på Bystranda denne dagen.
Ole Magne Omdal,  (bilete under ), vil gjerne sikre seg eit sete på Stortinget. Han kjem garantert på årsmøte den 20. mars ( foto: øystein moi )