Trivelege dagar på Agderkontoret
Det er ei stadig aukande interesse for norsk landbruk, for norsk matproduksjon, for kortreist og sunn mat - og for det gode livet på landsbygda. Landbrukspolitikken er stadig på dagsorden i media - og her på Agderkontoret mottek me jamnleg meldinger frå folk som ynskjer å melde seg inn i Bondelaget. Dette gjev oss inspirasjon og arbeidsglede. Dette gjev oss trivelege dagar på Agderkontoret.