Storsamling på Gyland
Det vert truleg folksamt i tunet hjå Kirsten og Tollak Nedland på Gyland, måndagskvelden den 29. august. Det er bondelaga i Nes, Flekkefjord og Kvinesdal som slær på stortromma. Med seg på laget he dei i tillegg representantar frå både Tine og Nortura.
I tillegg til eit dugeleg måltid med stuttreist grillmat vert det rikeleg med tid til omvisning i det nyleg ombygde fjoset på garden.
Birgitta Tjørhom, frå Nortura, vil orientere om lammesesongen - medan Odd Finnestad vil halde møtelyden orientert om den aktuelle stoda innanfor storfeproduksjonen.
Arrangørane venter mykje folk denne kvelden og oppmodar såleis kvar einskild om å take med seg ein høveleg stol til å kvile lekamen på.
Annonse for tilskipinga finn du i sin heilskap i aktivitetskalenderen vår.
Alle landbruksinteresserte - og alle med kjærleik til norsk matproduksjon er hjarteleg velkomne.