Søren så godt
Den økologiske mjølkebonden, lokalpolitikaren - og skulemeisteren Søren G. Hodne, frå Moisund, er vidgjeten øve store delar av landet for sitt eige lokalproduserte smør. Smøret ber det klingjande namnet "Søren så godt." No er Hodne klår for den internasjonale marknaden. Både tyskarar, franskmenn og italienarar skal snart få kjenne den ekte smaken av Setesdal. (foto: øystein moi )
Fleire matprodusentar frå Setesdal set kursen mot Berlin i januar neste år. Her mønstrar dei på hjå Grüne Woche, ei av verdas største messer for mat, landbruk og reiseliv.
Her møter dei 1500 andre utstillarar frå 60 ulike land - og det er venta at meir enn 400 000 vitjande i løpet av dagane 15. - 24. januar 2016.
Midt i dette yrande folkehavet kan du altså få kjøpt deg økologisk smør frå Moisund, spekemat frå Hovden- eller morellsirup frå Høgetveit gård.Me kan ikkje anna enn å ynskje dei lukke til på ferda. Alle i hop.
( Denne nyhenda vart fyrst kringkasta i lokalavisa Setesdølen - den 10.11.2015 )