Velkomen til Evjemoen - og velkomen til Naturligvis 2016. Her er plass nok til alle, seier dagleg leiar i samskipnaden, Øyvind Nese. ( foto: øystein moi )

Det var i 2004 at Evjemoen vart utpeika til fast stemneplass for det som den gong vart kalla "Landbrukets Dag." Før den tid hadde denne tilskipinga vorte arrangert på ulike stader kring i båe agderfylka. 
På Evjemoen, midt i Agder, er det nok av plass til både folk og fe. Infrastrukturen er framifrå, og ein betre stemneplass finn du knapt nokon stad.
No er det namnet "Naturligvis" som gjeld, og i dagane 12.-14. august skal ein ikkje sjå bort frå at 12 - 14000 skodelystne, i alle aldre, finn vegen til den tidlegare militærleiren på Evjemoen. Når det gjeld publikumstilstrøyminga så er ein heilt avhengig av eit meir enn medels  godt samarbeid med dei lokale, og regionale, vergudane.

Øyvind Nese kan fortele at han i skrivande stund he motteke påmelding frå omlag 120 ulike utstillarar - dei aller fleste innanfor fagkrinsen mat og landbruk.
Nytt av året er det at den vidgjetne fiskehandlaren frå Kristiansand, Reinhartsen, kjem til Evjemoen med eit spanande utval av utsøkte råvarer frå havets myrke djup. Heilt sidan 1931 he Reinhartsen levert det beste av det meste innan sjømat, vilt og andre spesialitetar. No skal han freiste å få etniske setesdølar og pengestreke åsdølar på kroken  - eller i garnet om du vil ...

Landbruksmessa Naturligvis er tufta på solid dugnadsinnstas frå ulike lag og organisasjonar. Det vert lagt ned ein dugnadsinnsats tilsvarande eit årsverk i løpet av tre hektiske dagar midt i august.
Det er og produsert ei eiga messeavis som om kort tid vert levert til 70 000 husstandar på båe sider av den kronglute fylkesgrensa.

Er du av dei som set pris på eit eksklusivt gourmet-måltid, produsert på lokale stuttreiste råvarer - ja då vert det i år eit spesielt tilbod nettopp til deg.
I eit eige restaurangtelt, med tilhøyrande sjenkeløyve, kan du i år få med deg ei slik oppleving. Du må berre syte for å sikre deg billett / bestille bord. Dette kan du ordne inne på stemneplassen. Naturligvis.