Samyrkjerørsla stend sterkt hjå norske bønder
Eit stort fleirtal av norske bønder meiner at eit landbruk i heile landet vårt er avhengig av at dei ulike samvirka framleis må ha rolla som marknadsregulatorar. Det er ei undesøkjing, på vegne av Nationen, som stadfester dette.
Ein av dei som gjev støtte til at landbrukssamvirka skal regulere marknaden er honndølen Sven Reiersen.
Han driv sjølv med sau og ammekyr,og he dei siste åra investert stort i nye driftsbygninger heime på garden på Tveit.
- For oss i distrikta, med små leveransar, er ordninga særs viktig. Mottaksplikta gjer at prisane er føreseielege, både for oss og for forbrukarane, seier Reiersen til Nationen i dag.
Han fær god støtte av nestleiaren i Norges Bondelag, Brita Skallerud. - Me har sett kva som skjer i produksjonar utan marknadsordning, som kylling og grøntbransjane. Der er det tøft for tida , seier ho. Skallerud avviser tvert at marknadsreguleringa vert ei sovepute for bøndene.