På gardsbesøk hjå Tove og Tor Arne liland
Hjå familien Liland, på Tonstad i Sirdal,finn du både hjarterom og husrom. Venesæle folk som i årevis he teke i mot born - og unge sambygdinger til omvisning på garden. Spanande og lærerike dagar. Godt naboskap - og stuttreist mat på bordet.
Sist veke var 3.klasse frå både Tonstad og Sinnes skule på gradsbesøk hjå Tove og Tor Arne
Nærkontakt med Boa-geit. Ei minnerik stund. Helsebot for heile lekamen. (foto: privat )
Foto: privat
Foto: privat
Foto: privat
Sjølv ein heilt vanleg mjølketank kan vere spanande å studere for unge sirdølar.
Tor Arne fortel meir enn gjerne korleis denne apparaturen fungerer. (foto: privat.)
Kate Tjomlid, ihuga medlem av Sirdal Bondelag, var ein god medhjelpar
denne dagen. Her ser ho tilat ungdomane fær i seg rikeleg med mat under
det fyrste bordsete på garden. Morgonmaten.
(foto: privat )
Avslutninga på ein stor dag kan sjølvsagt ikkje verte betre enn dette.
Diplom og heiderleg omtale til kvar einskild. Takk til Tor Arne og Tove.
Takk til Kate - og takk til ein flott ungdomsgjeng frå både
Tonstad og Sinnes skule. Framtida ser ljos ut i Sirdal.
(foto: privat )