Nyttige nettstader
Før treiv me telefonkatalogen og fann fram telefonnummeret til meieristyraren, slakteriet eller heradsagronomen. I dag er det internettet som er løysinga på det aller meste. Stundom kan det likevel vere både vanskeleg og tidkrevjande å finne fram til den rette nettsida. Her finn du snappvegen til nokre av dei mest aktuelle adressene og nettsidene.
Har du spørsmål om mjølkekvoter, produksjonstillegg eller manglar du beint fram eit skjema? Les og leit på www.landbruksdirektoratet før du slær nummeret til landbrukskontoret.
Tine he laga ein grei oversikt over aktuelle nettsider knyta til landbruksnæringa - oversikten finn du her.
Hjå fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder finn du og ei grei samling av aktuelle landbrukslenker.