Knut Erik Ulltveit ( foto: TV2)Den landskjende gardbrukaren frå Gjerstad, Knut Erik Ulltveit, ber inn til gjestebod neste torsdag - den 10. september.
Denne sumaren he det nemleg reist seg eit flunkande nytt bygg på garden Ulltveit. Eit nytt fjos med ei grunnflare på meir enn 1200 kvm. Ein triveleg og velfungerande  heim for nærare 80 ammekyr - og vonleg ein triveleg arbeidsplass for Knut Erik.
Torsdag den 10. september, frå klokka 14:00 - 17:00 vert det "Opent fjos" hjå Knut Erik på Ulltveit.
Då kan du nytte høvet til å studere dette historiske byggverket - og du kan samstundes nytte høvet til å få i deg eit kraftfullt måltid med stuttreist og velsmakande grisekjøt.
Nortura stiller på gardstunet med varme grillar, høgt utdanna kokkar - og som vanleg ein meny som er plukka frå øvste hylle.
 Stortinget, sjølvaste Nasjonalforsamlinga, vert representert ved  leiaren av næringskomiteen - den høgst taleføre rogalendingen Geir Pollesrad.
Det ville sjølvsagt undre oss svært mykje dersom ikkje Gjerstad sin eigen ordførar, Kjell Trygve Grunnsvoll,  svinger innom gardstunet på Ulltveit for å kaste glans øve stunda denne ettermiddagen.