Naturligvis 2018
( foto: øystein moi )
Sjølv om det i korte periodar kunne vere greit med ein paraply i høgrehanda - ja så vart det likevel folksamt på stemneplassen på Evjemoen laurdag ettermiddag. Naturligvis 2018 ser ut til å verte den best organiserte messa nokon gong. Rekordmange utstillarar, smilande publikum, heilsteikt sau, heimelaga iskrem frå Sirdal - og blankpolerte traktorar på tilbod. Sundagen synte vergudane seg frå si aller beste side. Aldri nokon gong tidlegare he det vore samla så mykje folk inne på messeområdet. Mange utstillarar melder om rekordomsetning. Dei gler seg alt til august 2019 ..
Grisebonden Knut Helmer Feltstykket, frå Tvedestrand, var Bondelaget sin mann på
stand - laurdag føremiddag. Truleg rett mann på rett stad.
( foto: øystein moi )
To røynde gardbrukarar. To gilde gutar. Odd Arild Eikeland (t.v.) og Åge Gyland.
(foto: øystein moi )
Åse Ingebjørg Flateland. Vallejente med lang fartstid i ulike landbruksorganisasjonar.
Ein framifrå ambassadør for heile næringa. Me treng fleire slike.
( foto: øystein moi)
To flotte bondejenter med viktige oppgåver på messa.
Marit Gunn Tveit (t.v.) og Inger Liv R. Thoresen.
( foto: øystein moi )
Trugne og blide bygdekvinner stiller meir enn gjerne opp til fotografering.
( foto: øystein moi )
Christian Espegren frå Skogselskapet syner kor enkelt det er å lade mobiltelefonen
med ein ledning beinveges inn i kaffebålet. Utruleg - men heilt sant.
(foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
Dei er båe to samde om at god reiskap er halve jobben - og dei er samstundes
samde om at storleiken langt frå er avgjerande for resultatet.
(foto: øystein moi )
Ho kan det aller meste om ull - Anne Marie Sundbø.
( foto: øystein moi )
Solid handverk. Tradisjon. Velsmakande. Helsefremjande.
( foto: øystein moi )
Ja - det er strevsame dagar når ein jobber dugnad på Naturligvis.
Denna karen kjende mjølkesyra rive i lekamen - og freista bøte på skadene
med ein solid porsjon styrkedrikk.
( foto: øpystein moi )
Guten i røyken.
Det gjenge heitt føre seg når heidersmannen Alv Vinjerui slenger ein
heil, stuttreist sau på grillen. Resultatet var framifrå. Minnerikt.
( foto: øystein moi )
Presisjon. (foto: øystein moi )
Gode vener. Kjærleik. ( foto: øystein moi )
Foto: øystein moi
- Eg vil helst ikkje ha kontantar ...
(foto: øystein moi )
Overgartner Pedersen, frå Grimstad, sytte for at inngangspartiet til messa synte seg
frå si aller beste side. Han lukkast med jobben.
( foto: øystein moi )
Me talar framleis om overgartner Pedersen. ( foto: øystein moi )