Med Bondelaget på utdanningsmesse
To strevsame dagar til ende. Gimlehallen i Kristiansand . Ein stad mellom 6000 – og 7000 ungdomar er tilstades på årets store utdanningsmesse. Her kan dei, med god fagleg hjelp, stake ut den vidare kursen på livsvegen. Sentralt plassert i dette folkehavet har Bondelaget, Agderkontoret, funne seg ein høveleg bås. Lausdrift. Midt i den mest traffikerte korridoren i heile messehallen.
Her skal bondenæringa konkurrere om merksemda med sterke aktørar som Forsvaret, Universitetet på Agder, BI, Handelshøgskulen, Det Teologiske fakultet, Politihøgskulen, flygarutdanning og ikkje minst private aktørar med utdanningstilbod under fjerne – og langt varmare himmelstrok.
Rundt rekna 50 ulike utstillarar, frå inn – og utland tok vel i mot nyfikne ungdomar frå båe agderfylka.
Mange av ungdomane bestemte seg vonleg desse dagane for kva for studieretning dei skal satse på i ei rimeleg nær framtid.
Kor mange komande gardbrukarar som rusla rundt i Gimlehallen desse dagane er sjølvsagt uråd å ha ei klår meining om.
Det som likevel er heilt klårt er at det var uventa stor interesse for vårt arbeid. Mange tok seg tid til å slå av ein prat, og i løpet av messa delte me ut tett på 500 eksemplar av vår eigenproduserte brosjyre, ”Vi lager maten din.”
Det viktigaste er kanskje å gjere denne flotte ungdomsgenerasjonen medvetne på kor viktig denne næringa, landbruksnæringa, er for dei sjølve, for heimstaden deira, for landet vårt – ja for heile jordkloda.
At matproduksjon er verdas viktigaste næring er det i alle fall 500 unge sørlendinger som i desse dagar he fenge ei viktig påminning om. Både skriftleg og muntleg.
Me må ikkje gløyme at det er nettopp denne generasjonen, desse ungdomane, som i komande år skal take vare på, og vidareføre, ressursane våre.
Snart sit dei i mektige posisjonar i heradstyret, i landbruksnemda – eller på Stortinget.Dei skal og i framtida take viktige avgjersler om både konsesjonslov, odelsrett, jordvern, tollmurar, levande bygder, stuttreist mat, velstellde kulturlandskap – og handel med den europeiske unionen.
Då kan det ikkje vere skadeleg med eit grann grunnlegjande folkeopplysning. Då kan det ikkje vere skadeleg å minne ungdomen om at ” Det er vi som lager maten din.”