Landsmøte i Norges Bondelag
Denne veka vert det skipa til landsmøte i Norges Bondelag. Meir enn 300 gjestar, og utsendinger frå heile landet, samlast til ting på Lillehammer. Bondelaga frå Agder er godt representert og vil vonleg markere seg med kraftfulle innlegg frå talarstolen. Det plar vere slik.
Det nærmar seg det årlege Bondetinget, årsmøtet til Norges Bondelag. Allereie tysdag føremiddag samlar representantskapet i Norges Bondelag seg til møte på Lillehammer. Representantskapet er eit rådgivande organ for styret og årsmøtet i Norges Bondelag, og består av styret og fylkesleiarar i Norges Bondelag samt representantar frå andre organisasjonar innanfor landbruket.
Onsdag kl 0830 startar årets bondeting, og då vil over 300 delegatar, gjestar og tilsette ta plass i salen. Mellom dei finn vi både landbruks- og matminister Jon Georg Dale, leiar i Arbeidarpartiet Jonas Gahr Støre og fleire andre stortingspolitikarar. Programmet startar med tale frå leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes, etterfølgd av generaldebatten. Årsmøtet tar ein pause i debatten for å sleppe til landbruks- og matminister Jon Georg Dale klokka 13.00, etterfølgd av spørsmål frå årsmøtedelegatane. Det blir også fleire helsingstalar frå andre gjestar og politikarar onsdag.
Onsdag kveld samlast heile Bondetinget til festmiddag. Menyen er ved bondelagskokken vår, Karla Siverts, og maten blir laga av tidlegare bondelagskokk Bodil Fjellestad Eikrem. To viktige postar på programmet under middagen er utdelinga av årets Askeladd-pris og kåringa av Årets lokallag.
Vedtar nytt næringspolitisk program
Torsdag skal årsmøtet debattere og vedta nytt næringspolitisk program 2016-2020. Etter lunsj skal Jonas Gahr Støre tale til Bondetinget, og også han vil få spørsmål frå salen. Ein av dei siste sakene på programmet er val. Leiar Lars Petter Bartnes tar attval og 2. nestleiar Brita Skallerud tar attval. 1. nestleiar Kristin Ianssen gir seg i styret, og Bjørn Gimming er innstilt som hennar etterfølgar.
- Les også: Valgnemndas innstilling til nytt styre