Landbruksministeren vitjar sauefjos i Valle
Siste laurdagen i august vert nok både kjeledressen og lusekofta byta ut med setesdalstakk og blankpolerte lakksko i både Valle og Hylestad. Det er sjølvsagt ikkje kvar dag at stolte og dugande sauebønder i Setesdal kan rulle ut den raude løparen og take i mot sjølvaste landbruksministeren. (foto: øystein moi )
Den ferske landbruksministeren Jon Georg Dale (FrP) he, etter få dagar i statsrådstolen, planlagt ein fagtur tur til Setesdalen. Siste laurdagen i august vil vonleg den unge statsråden, og kjøt-skjeraren, få ei kongeleg mottaking i Hylestad.
Då skal han nemleg opne 3 nye sauefjos på Helle. Alt i alt har bøndene Stein Føreland Straume, Egil Åmlid og Tor Espen Helle investert kring 15 mill. kr. i fjosa. Samanlagt får dei 1000 sau under tak.
-Veldig stas at landbruksministeren har takka ja til å kome. Desse 3 prosjekta, alle i ”stein kasteavstand” frå kvarandre, er satsing som vekker oppsikt nasjonalt. Me ser veldig fram til ei skikkeleg festhelg med felles opnings arrangement for alle 3 fjosa, seier leiar i Valle sau og geit, Jorunn Synnøve Uppstad til avisa Setesdølen.
Sjølve opningsdagen blir laurdag 27. august.
Landbruksminister Jon Georg Dale (FrP) kjem til Helle i Valle for å opne 3 sauefjos for totalt 1000 sau i august.
( Det er lokalavisa Setesdølen som melder dette i eit oppslag den 19. januar.)