- Våren kom brått i år, med både sol og kraftig varme. Det er difor nokre kjærkomne kuldegradar eg kan lese av på gradestokken no i desse tidlege mai-dagane. Dette gjer at enga etter kvart kjem både  kraftfull, grøn og fin, seier Gunnar Bjørndal med optimisme og framtidstru i røysta.
Det er morgonmøte kring kjøkkenbordet heime på Jortveit. Nedst i Dåsvannsdalen, Evje og Hornnes kommune.
Kruttsterk kaffe og heimebaka stomp med brunost.
Gardsguten, far hans - Georg (77), er hjarteleg tilstades. Dei planlegg dagen. Dei planlegg våronna. Det er ikkje noko problem å fylle arbeidsdagen med vetugt arbeid. Våronna er ei travel tid på Jortveit, slik det truleg er på dei fleste gardsbruk i dette vårt langstrakte land.
Gunnar Bjørndal skal klargjere drygt 450 da med dyrka mark - i tillegg til 150 da med kulturbeite. Det meste av husdyrgjødsla er no spreidd ut på dei ulike teigane medan kunstgjødsla framleis ligg i startgropa. I slutten av veka er det meldt regn i Dåsvannsdalen. Kombinasjonen av regnvær, god temperatur og ei høveleg mengde med kunstgjødsel vert ofte omtala som god agronomi.
I dag er det likevel oppsetjing av strøymgjerde som er eit høgst aktuelt tema. Omlag 9 km, ei snau mil, med strøymgjerde krev sin mann - eller rettere sagt fleire menn. Ja, eg skriv det slik. Gunnar er ugift.
- Eg må bere staur, medan drengen teg seg av det tekniske - m.a. montering av den strøymførande tråden.

I fjoset har Gunnar Bjørndal 54 ammekyr, 54 stutar og kviger - og vel 40 kalvar. I ei eiga avdeling stend tre velvoksne, og velfødde avlsoksar. Bladfyken spør varsomt om desse tre karane er eit naudsynt alibi fordi Gunnar sjølve  er fylkesleiar i den landsdekkjande samskipnaden "Tyr." Svaret vert hengjande i lufta.


Foto: Felleskjøpet, Evje

- Det ser beint fram ut som at kvardagen er i ferd med å vende attende til normalen hjå bønder flest. Fjoråret vart som me alle veit både kritisk og dramatisk. No er i alle fall den nasjonale fórkrisa avvikla og ein ser dagleg i bladet at det er rundballar å få kjøpt til ein meir fornuftig pris enn kva me såg tidlegare i år.
Likevel er det nok mange som framleis slit med saldoen hjå den lokale sparebanken. Sjølv om den statlege avlingsskadeerstatninga var eit kjærkoment påfyll, så vil nok mange slite med eit økonomisk etterslep i åra som kjem.
Seier Gunnar Bjørndal. Storbonden på Hornnes. Med to borehol på tunet, eitt på 120 meter - og eitt på 150 meter så skal han i alle fall ikkje verte vasslaus denne sumaren. Nok vatn til morgonkaffen. Til både seg sjølve - og til gardsguten.


Georg og Gunnar. Far og son. Drengen - og storbonden. ( foto: øystein moi )