F.v. Anne Lill F. Roland, Finn Aasheim, Cathinka Jerkø, Birte Usland, Anne Rakel Haaland, Åge Gyland og Tor Erik Leland. ( foto: øystein moi )

Det tykkjest ikkje vere store problem for denne gjengen å finne gode formål og velmeinte ynskjer i kravet som skal utarbeidast til dei komande jordbruksforhandlingene.
Fylkeslaga, 18 i talet, byggjer sine uttaler til jordbruksforhandlingene på uttale frå dei ulike lokallaga. Fylkeslaga sin uttale er samstundes eit viktig grunnlag for det vedtaket som representantskapet i Norges Bondelag skal gjere seinare denne månaden.
Dette vedtaket er så sjølve "marsjordren" til forhandlingsutvalet - og teikner på mange måtar opp vegkartet for dei komande forhandlingene.

Det vert ein spanande vår på Agderkontoret - og i landet elles. Norges Bondelag tek utfordringene på høgste alvor - og kvar einaste stein skal vendast før dei utvalde kvinner og menn set namnetrekket sitt på det som vonleg vert det endelege forhandlingsresultatet...